Kritisk situasjon krev meir pengar:

2.500 utan fastlege i Stryn

Fastlegefloka har stramma seg ytterlegare til det siste halvåret. I dag står ca. 2.500 innbyggjarar i Stryn utan fastlege. Igjen må kommunen legge meir pengar på bordet.

Treng meir pengar: Kommunalsjef helse og sosial, Heidi Vederhus, har kome med framlegg til ein ny modell for fastlegeordninga i Stryn. Den inneber to nye fastlegeheimlar og krev meir pengar. 

Nyhende

– Etter at økonomiplanen vart behandla i desember 2020 har situasjonen forverra seg. Det er mangel på vikarar, og fastlegar melder om mogeleg oppseiing, skriv kommunalsjef Heidi Vederhus i saksutgreiinga til sektorutvalet for Helse og sosial.