Oldarar markerte seg på friidrettsbana

Tre utøvarar frå Olden markerte seg med sterke resultat på friidrettsbana i helga.

Steffen Melheim frå Olden viste gode takter i sesongopna på Loggane søndag.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Steffen Melheim sesongdebuterte i diskos på Loggane i Gloppen søndag. Oldaren viste gode takter med 1,75 kilosdiskosen, og han oppnådde 54,27 meter i sitt beste kast. Dette er det beste norske resultatet i klasse 18/19 år så langt i år og gir 1.107 poeng på Tyrvingtabellen. Resultat som gir over 1.000 poeng vert rekna som eit særs godt resultat.