Påkøyrsel bakfrå i Stryn

Illustrasjonsbilde.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Politi og ambulanse rykte måndag ut til eit trafikkuhell ved avkøyringa frå rv 15 til Bergsida/Vinsrygg i Stryn. Ein bil som skulle svinge av vart påkøyrd bakfrå.
– Det var låg hastigheit, men materielle skadar på bil. Ein person vart køyrd til legesjekk i Stryn. Politiet opprettar sak, opplyser Tor Egedahl ved Stryn lensmannskontor.