Rekordmange førespurnader om hoggorm så langt i år

I 2021 er det så langt meldt inn rekordmange førespurnader om hoggormbit til Giftinformasjonen, som er førebudd på stor pågang i sommar.

Vårsola lokka fram hoggormen på Fletene/Flo i midten av mai. (Illustrasjon)  Foto: Sigrid Flo Standal/Arkiv

Nyhende

Hittil i år har Giftinformasjonen fått 107 hoggormførespurnader. Berre i mai fekk dei 67 førespurnader, noko som er 31 prosent fleire enn same månad i fjor.

Berre éin gong før er det registrert fleire hoggormførespurnader i mai månad. Det var i 2018, året som vart prega av ei rekkje varmerekordar gjennom våren og sommaren. Mai månad det året var den varmaste på over 100 år.

Mai i år var til tider prega av mykje nedbør og overskya vêr fleire stader i landet, men det tok seg opp mot slutten av månaden, med strålande sol og høge temperaturar mange stader.

– Ikkje overraskande ser vi at talet på førespurnader om hoggormbit er avhengig av vêret, fordi folk er meir ute når det er godt vêr, seier avdelingsdirektør Mari Tosterud i Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet til NTB.

Førebudd på hektisk sommar

I snitt har Giftinformasjonen motteke 46 hoggormførespurnader i løpet av årets første fem månader sidan dei årlege registreringane starta i 2005.

107 førespurnader hittil i år er like mykje som heile året 2006 totalt. I fjor vart det likevel slått årsrekord, med 521 førespurnader gjennom heile 2020.

Fjoråret vart som kjent preget av stengde grenser og oppmoding til nordmenn om å feriere i Noreg. Pågangen i norsk natur var derfor ekstra stor.

Det ser førebels ikkje ut til at årets sommarferie vil by på nemneverdig reiseverksemd til utlandet.

– Med noregsferie på mange av oss er vi førebudd på stor pågang òg denne sommaren, seier Tosterud.

– Ring 113 om du kjenner deg dårleg

FHI åtvarar ikkje nordmenn mot å bruke naturen på grunn av hoggormfare, men dei ber folk vere obs på kva ein skal gjere dersom ein skulle bli bite av ormen.

– Føler du deg dårleg, ring 113. Har du ingen eller lette symptom, ring Giftinformasjonen på 22 59 13 00, så kan vi gi deg råd om du skal oppsøkje lege eller om du kan vurdere situasjonen heime, lyder oppmodinga frå Tosterud.

Det er ikkje nødvendigvis slik at kvar førespurnad representerer eit hoggormbit. Førespurnadene kan ofte òg handle om at folk mistenkjer at dei er bite av hoggorm på grunn av merke på leggen og liknande.

Eit hoggormbit ser som oftast ut som to punktforma prikkar med tre til ni millimeters avstand, ifølgje FHI. Kor mykje gift som er sprøytt inn, avheng mellom anna av alderen til ormen.

Dødsfall hos menneske som følgje av hoggormbit, skjer svært sjeldan. Hunder og andre kjæledyr derimot, er meir utsett, og dersom hunden din blir biten, bør han takast med til dyrlege umiddelbart.

(©NPK)