Symjehallen stengjer i fem veker

På grunn av vedlikehaldsarbeid blir symjehallen i Stryn stengd frå 7. juni til 11. juli.

Stryn symjehall opnar ikkje att før i midten av juli. 

Nyhende

Årsaka til den lange stengetida er planlagt vedlikehaldsarbeid på lys- og ventilasjonsanlegg.

– Vi beklagar ulempene dette medfører badegjestene våre, melder kulturhuset på nettsida si.

Alle med heil- og halvårskort vil få kompensert tida det har vore stengt, når symjehallen opnar att i i midten av juli.