IL Veten tek på seg stort arrangement:

– Håpar på 1.000 deltakarar

I juli neste år skal IL Veten arrangere Fjord-O i orientering. Kartarbeidet er allereie godt i gang, og karta skal vere oppdaterte til neste sommar.

Roset: IL Veten skal arrangere Fjord-O i orientering i juli 2022 saman med Ålesundsklubben Emblem. Anders Bergset (t.v.) har ansvaret for løypelegginga i Stryn, medan Gunnar Gytri har laga til karta. Samlingsplass og innkomst skal vere på Roset.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Fjord-O, tidlegare kjent som Nordvestgaloppen, er i 2022 eit samarbeid mellom IL Veten og Ålesundsklubben Emblem. Det er løypenettet rundt Roset som er arena for den delen av arrangementet som skal gå i Stryn. IL Veten og Emblem samarbeidde også om Fjord-O i 2016, den gong med løyper ved Nordfjord Fritidssenter.