LEIAR:

No kjem ny strynefjellstunnel

Ny tunnel: Etter mange års kamp, næringsliv og politikarar skulder ved skulder, er det no fleirtal for å byggje ny strynefjellstunnel.  Foto: Bengt Flaten

Ny strynefjellstunnel inn i NTP er det største samferdsleløftet regionalt sidan Kvivsvegen

Nyhende

Med tverrpolitisk fleirtal og regjeringspartia endeleg med på laget, ligg alt til rette for ny tunnel på rv 15 Strynefjellsvegen. Framstegspartiet og Senterpartiet var dei to første partia som gjekk ut med lovnad om å få ny tunnel på plass i komande Nasjonal Transportplan. Deretter kom Arbeidarpartiet. Først kun med planleggingsmidlar i første periode, for deretter å leggje inn også oppstartsmidlar.