Tre personar involverte i trafikkulukke ved Tyvanestunnelen:

Skadd person sendt med helikopter

Ein person er sendt til Førde sentralsjukehus med ambulansehelikopter etter trafikkulukka på fv 60 ved Tyvanestunnelen, mellom Loen og Olden. To passasjerar vart sjekka ut av ambulansepersonell på staden.

Bilen køyrde av vegen i svingen før Tyvanestunnelen, på Olden-sida av tunnelen. Bilen vart påført store materielle skader.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Ulukka vart meldt kl 21:46 tysdag kveld. I følgje Vest politidistrikt er det snakk om ei ulukke med eitt køyretøy involvert.