Trafikkulukke ved Tyvanestunnelen

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Stryn brannvesen har etablert stopp-post i Loen i samband med trafikkulukka.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Eitt køyretøy er involvert i ei trafikkulukke ved Tyvanestunnelen på fv 60 mellom Loen og Olden. Vest politidistrikt fekk melding om ulukka kl. 21.46 og opplyser via Twitter at naudetatane er på staden og jobbar med å få oversikt. Skadeomfang er ukjent.

Stryn brannvesen har etablert stopp-post i Loen i samband med trafikkulukka.  Foto: Thomas Thaule

Det vert redusert framkommelegheit/stengt veg ein periode, opplyser politiet. Stryn brannvesen har etablert sperring i Loen, ved avkøyringa mot Loen skule.

Oppdatering kl 22:50. Vegen er opna att for trafikk.