– Endeleg blir det festivalhelg

Nynorsk kultursentrum kan endeleg invitere publikum til Festspela 2021. 10.-13. juni blir det 36 arrangement i Aasentunet og fleire andre stader i Ørsta og Volda.

Dei nynorske festspela i Hovdebygda, Ørsta og Volda: På plakaten til Festspela 2021 finn vi mellom anna festspeldiktar Sigmund Løvåsen, Kjartan Fløgstad, Sunnmøre Baarelag, Synne Vo, 9 Grader Nord, Jorunn Simonsen Thingnes og Ruth Lillegraven.  Foto: Festspela 2021

Nyhende

– Med den krevjande tida samfunnet og kulturlivet no har vore gjennom, er det fantastisk å endeleg kunne ta imot flotte utøvarar og publikum til festival i Ørsta og Volda, seier Olav Øyehaug Opsvik, arenaleiar ved Aasentunet, i ei pressemelding.