– Vi ser verkeleg behovet for ei bru

Gym Stryn ønskjer at det blir bygd ei gangbru over Vikaelva i Stryn sentrum.

Vikaelva: Gym Stryn ønskjer at det blir sett opp ei gangbru over Vikaelva. – Ei bru over elva vil gjere terskelen lågare for å la bilen stå, skriv treningssenteret i eit brev til kommunen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Vi ser verkeleg behovet for ei slik bru, og vi har fått fleire tilbakemeldingar dei siste seks månadane om at vegen frå sentrum til Vik ikkje er spesielt godt tilrettelagt for gåande, med mange kronglete kryss og fragmenterte gangfelt, skriv Gym Stryn i eit innspel til områdereguleringa for Stryn sentrum.