Avtale om omstridd tomt i Hogane

Tre naboar har signert avtale med Stryn kommune om deling av omstridd bustadtomt i Hogane.

Semje no Teknisk utval var på synfaring av denne kommunale bustadtomta i Langåsen i Hogane. Naboane i både aust og vest har lenge ønska seg tomta som tilleggsareal og meiner kommunen har motarbeida ei slik løysing. No har eit forhandlingsutval ferdigforhandla fordelinga av tomta mellom naboane.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Tomt 59/136 i Hogane bustadfelt har lege ute for sal sidan 1997 utan å bli seld. Det har vore uttalt problem med drenering på denne tomta som naboar har ønska som tilleggsareal.