Foreldregruppa for trygg veg Olden-Briksdal:

– Vi ber ikkje om så mykje, berre om ein sikker veg

Leiaren i Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland, Jannicke Bergesen Clarke og partikollega Arve Helle kom til Oldedalen på synfaring tysdag.

Appell: Alle ungar i Norge har rett til trygg skuleveg, det har ikkje vi, sa fem av borna frå skulebussen. Fv. David Sunde Flåten, Mathias H.Gjerde, Ramona Mate,Helene Sunde Flåten og Kristoffer Andrè Høgalmen. 

Nyhende

Foreldregruppa for trygg veg Olden-Briksdal hadde regien. Også lokalpolitikarane Haldor Hove og Jarle Hessevik følgde med partikollegaene frå Vestland fylke.

Johanne Melkevoll er leiar i foreldregruppa Trygg veg Olden-Briksdal.

Johanne Melkevoll:-Eg veit om fleire unge som vil flytte heim, men så lenge vegen er såpass utrygg, torer dei ikkje. Foto: Berit Melheim  Foto: Berit Melheim

– Eg er tredje generasjon i familien i lag med mange andre som jobbar for å få trygg veg. Vegen er ein av dei ti mest rasutsette vegane i landet. Dette er altså vegen alle skuleborna, barnehageborna og foreldra våre brukar kvar dag. Alle har rett til trygg skuleveg, det har ikkje våre born. Det er vår tur no. Vi ber ikkje som så mykje, berre ein sikker veg, sa Melkevoll.

Skuleborna er framtida

Ho leverte mikrofonen vidare til den aller viktigaste gruppa i bygda, nemleg skuleborna som føl skulebussen kvar dag inn og ut av dalen. Dei heldt ein fin apell som dei hadde skrive med eigne ord.

– Vi kan ikkje ha radio på i bilen for vi må lytte om det kjem ras ned etter fjellsida. Når det går ras, blir vegen stengd. Vi er redde for at nokon blir sjuke og ikkje får hjelp. Vi er redde for at skulebussen blir teken av ras, var noko av det borna ville fortelje politikarane.

Sterk film: Politikarane fekk sjå filmen som vart laga for å illustrere korleis det er å ferdast på vegen vinterstid.  Foto: Berit Melheim

Det er vanskeleg å forestille seg kor dramatisk kvardagen kan vere vinterstid når sommardagen var så flott som på tysdag. Politikarane fekk sjå ein film som viste akkurat dette og ikkje minst redselen som oldedølene må kjenne på kvar dag når dei sender borna avgarde.

Jon Olav Kvamme, leiar i Oldedalen Bygdeutviklingslag, tykte sjølv det var ein enorm kontrast.

Jon Olav Kvamme: - Det er fantastisk å bu her, men det er desse få vintermånadane som er kritiske. Ingen vil sjå ein død Oldedal, sa han., Foto: Berit Melheim  Foto: Berit Melheim

– Vi kan nesten ikkje forstå kor dramatisk det kan vere når rasa dundrar ned fjellsidene og over vegen om vinteren, på ein slik flott sommardag. Det er fantastisk å bu her, men det er dei få kritiske månadane i året dette gjeld.

Viktig med synfaring

– Takk for at de viste oss Oldedalen og kvardagshistoriene, sa Jannicke Bergesen Clarke. Det er så viktig for oss å få lokal kunnskap.

Gjorde inntrykk: Viktig for oss og kome ut på synfaring og forstå folket som bur langs vegen,sa gjestene frå Vestland fylke. F.v.Johanne Melkevoll, Jon Olav Kvamme, Arve Helle, Jannicke Bergesen Clarke(foran) Haldor Hove og Jarle Hessevik., Foto: Berit Melheim  Foto: Berit Melheim

Ho drog fram foreldregruppa ved Hege Gjertsen og Johanne Melkevoll som hadde gjort ein god jobb overfor politikarane. Johanne var også guide på bussen opp gjennom dalen. Ho fortalde levande om alle rasstadane etterkvart som bussen passerte.