Alt på stell i kontroll på Utvikfjellet

Utvikfjellet.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Statens vegvesen hadde ingenting å utsetje på køyretøya dei kontrollerte på fv 60 over Utvikfjellet onsdag.

- Vi er svært fornøgde med kontrollen i dag. Alle kontrollerte hadde alt i orden, seier Over Garlid i Statens vegvesen.

50 lette og tunge køyretøy var innom kontrollplassen, 17 av dei vart kontrollerte nærare.