Tomteeigarar i Naustbakkane:

Må vente på sin tur i køa

Tomteeigarar i Naustbakkane har kravd fortgang og eiga politisk handsaming av byggjesakene sine, men kommunen vil ikkje at press skal føre til sniking i køen.

Naustbakkane Tomteeigarar i det kommunale bustadfeltet i Olden har i brevs form kravd at teknisk utval skjønnsvuderer byggjesaker der, men teknisk utval støtta kommunalsjefen sitt syn på at saksprosessen må gå sin gang.   Foto: Arkivfoto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Fjordingen har tidlegare formidla kritikk av det både husleverandør, utbyggjarar og tomteeigarar opplever som urimeleg treig sakshandsaming i Stryn kommune. I særleg grad har det dreidd seg om Naustbakkane bustadfelt i Olden.