Politiet har frigitt namnet:

Mann frå Stad kommune omkom då betongbilen velta

Illustrasjonsfoto Foto: Bengt Flaten 

Nyhende

Det var 39 år gamle Kyrre Stegane frå Stad kommune som omkom då betongbilen han køyrde velta ca. 50 meter etter krysset mellom rv 15 og Remmedalsvegen vest for Nordfjordeid tysdag føremiddag. Politiet fekk melding om ulukka via AMK kl. 10.45. Betongbilen hadde velta og vart liggjande på sida.