Semitrailer hamna i grøfta

Ein semitrailer velta like aust for Billingen onsdag ettermiddag. Varene på hengaren skulle til ein butikk i Stryn.

Ein semitrailer med varer til mellom anna ein butikk i Stryn velta aust for Billingen onsdag.  Foto: Privat

Nyhende

Uhellet skjedde i 15-tida onsdag, og sjåføren har forklart at han vart blenda av motlys frå den låge sola. Han har kome utanfor asfaltkanten, og greidde ikkje å få vogntoget innatt på vegen. Etter å ha følgt grøfta i 80-90 meter velta vogntoget ned i ei stikkrenne, får Fjordingen opplyst.