Nedgang i Vestland:

Stryn blant kommunane med høgast sjukefråvær

Stryn er blant kommunane med høgaste sjukefråvær i fylket første kvartal. Yrke innan utdanning og helse peikar seg ut.

Fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.   Foto: NAV/Ronny Rosenberg

Nyhende

I første kvartal 2021 var det legemelde sjukefråværet i Vestland 5,7 prosent. Det er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå same periode i fjor, og nærmar seg nivået før pandemien.