Nasjonalparksenteret:

Får likevel legge ut flytebrygge her

Nasjonalparksenteret klaga på at dei ikkje fekk etablere flytebrygge i Oppstrynsvatnet og fekk støtte frå teknisk utval som gjekk i mot tilrådinga.

– verkar privatiserande: - Strandområdet ved Nasjonalparksenteret er gjerda inne og framstår privatiserande, meiner sakshandsamar i Stryn kommune som tilrådde avslag på dispensasjon til flytebrygge her. Søkjar understrekar at flytebrygga vil vere fri for alle og at grinda inn mot stranda vil vere ulåst.  Foto: Stryn kommune / Foto vedlagt saka

Nyhende

Klaga gjaldt eit administrativt vedtak frå april med avslag på ein dispensasjonssøknad for etablering av flytebrygge ved Nasjonalparksenteret i Oppstrynsvatnet. Den 2 x 3,5 meter store flytebrygga skulle vere utstyrt med badetrapp og vere forankra med to anker og to fester til land.