Kontrollutvalet handsama rapporten om kjøp og sal av næringsareal:

Tilrår skriftleg rutine

Kontrollutvalet handsama i sist møte undersøkinga gjort kring Stryn kommune sine rutinar i høve kjøp og sal av næringsareal. Den klare anbefalinga frå utvalet er at kommunen får på plass skriftlege rutinar knytt til dette.

Til etterretning: Plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal, og konstituert kommunedirektør Hilde Lødøen, stilte i Kontrollutvalet då saka om rutinar ved kjøp og sal av næringsareal vart handsama. Dei lova å ta med seg tilbakemeldingane frå utvalet. Nærast utvalsleiar Roar Grønmo. 

Det er bra å lage ein skriftleg rutine. Då står ein også sterkare ved mannskapsskifte

Oddbjørn Reme
Nyhende

Torill Monsen og Haldor Sunde orienterte om rapporten på vegner av Vestland revisjon -kommunalt oppgåvefellesskap, som har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå kontrollutvalet i Stryn. Kommunedirektør Hilde Lødøen og plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal var til stades frå kommunen for å svare på spørsmål knytt til funna.