Datatilsynet: Ikkje legg ut koronapasset på nett!

Styresmaktene åtvarar mot misbruk og falskneri og ber folk som har fått koronasertifikat, innstendig om ikkje å leggje ut bilete av det på internett.

Helseminister Bent Høie poengerte risikoen for misbruk og forfalskingar og åtvara mot å legge ut bilete av koronapass på nettet, på same måte som det ikkje er lurt å leggje ut bilete av pass, førarkort eller annan personsensitiv informasjon.   Foto: Statsministerens kontor

Nyhende

Datatilsynet åtvarar sterkt mot på leggje ut bilete av koronapasset på til dømes sosiale medium, fordi informasjonen kan misbrukast og gjere det mogleg å produsere falske koronabevis, ifølgje Flysmart24.