Ikkje stemning for å erstatte Nordfjordrådet med noko større

Både kommunedirektøren og formannskapet ønskjer å behalde Nordfjordrådet.

Eiga røyst: Sven Flo (nærast) er klar på at Nordfjordrådet er viktig å halde fram med, sjølv om ein utviklar eit større regionsamarbeid med Sunnfjord. 

Det er viktig at Nordfjord har si eiga røyst

Sven Flo
Nyhende

PwC har utarbeidd ein rapport på vegner av kommunane Stryn, Gloppen, Stad, Kinn, Bremanger og Sunnfjord, der ein har sett på to alternative måtar å tenkje regionorganisering i framtida. I det eine alternativet held ein fram med separate regionråd for Nordfjord og Sunnfjord, men med samarbeidsavtale som sikrar felles stemme og innsats der råda har felles interesser. I det andre alternativet vert det etablert eitt felles regionråd for kommunane i Nordfjord og Sunnfjord, og ein let Nordfjordrådet og SiS (Samarbeid i Sunnfjord) opphøyre.