Får sjølv erfare kor viktig Mork-senteret er:

Frå ordførarstolen til rullestolen

– Overgangen frå eit aktivt liv til rullestolen var knalltøff. Heldigvis har eg bevart galgenhumoren: No har eg fått tilbake sersjant-røysta mi, og snart skal eg opp av denne stolen!

I rullestol: Jørgen Amdam på Mork-senteret juni 2021.  Foto: Svein Nordal, Møre-Nytt

Nyhende

Vi møter tidlegare Volda-ordførar og høgskule-rektor Jørgen Amdam (76) på Mork-senteret, der han held på og trenar seg oppatt etter å ha fått den alvorlege sjukdommen Guillain-Barré syndrom.