Stryningar opna nyoppussa lesekiosk

Stryningane Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Trude Tjensvold var med på opninga av ein nyoppussa lese-telefonkiosk på Bjørke sist veke.

Lesekiosk på Bjørke: Barnebokforfattar Trude Tjensvold saman med telefonkiosk-fadder Anna Marta Vinsrygg Vadstein i Nynorsksenteret i Volda.   Foto: Ingvild M. Hovden/Nynorsksenteret

Nyhende

I Norge er det hundre raude telefonkioskar som har blitt freda. I si tid var planen at telefonkiosken på Bjørke skulle fjernast frå bygda, men då aksjonerte bygdefolket og tjora fast det som seinare har blitt ein norsk attraksjon. Prillar-Guri, som telefonkiosken på Bjørke heiter, har fått stå i fred i mange år, men den siste tida har det skjedd mykje.