Dataangrep rammar bibliotektenester

Hackerar sperra datasystemet hos om lag halvparten av alle bibliotek i landet i helga. Stryn er blant dei som vart ramma.

Meirope bibliotek og nokre andre tenester har ikkje fungert dei siste dagane. (Illustrasjon)  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Tenestene til fleire lokalbibliotek er ramma etter at systemleverandøren Axiell sist veke var utsett for eit dataangrep. Systemleverandøren leverer tenester til omtrent halvparten av folkebiblioteka i Norge, ifølgje NRK.