Raftevold og co. møter storkanoner

Oskar Raftevold frå Innvik er teken ut til å representere det norske volleyballandslaget i Wagner Cup i Polen. Turneringa blir spelt i Krakow 9. - 11. juli.

Oskar Raftevold skal delta for Norge i Wagner Cup i Polen i juli.  Foto: Svein Halvor Moe (arkiv)

Nyhende

Raftevold fekk landslagsdebuten tidlegare i år då han spelte EM-kvalik i Ungarn og Portugal. No går det mot nye oppgåver med flagget på brystet for 25-åringen.