Ikkje ta med hunden på stranda når sola steikjer

I den komande varmen i Sør-Norge kan det vere lett å gløyme kjæledyra. Forsikringsselskap har kvar sommar pågang frå bekymra eigarar som har fått problem med dyra sine i varmen.

Hund slit på varme dagar.   Foto: Colourbox / Tryg Forsikring

Nyhende

I ei pressemelding frå Tryg Forsikring fortel Tor Kvinge, veterinær ved Tryg Forsikring og dagleg leiar ved AniCura Dyresykehus i Bergen, at når gradestokken passerer 20 gradar eller meir kan det bli varmt i sola for hundar og kattar med mykje pels.

– Kvart år får vi inn kjæledyr som har kollapsa i varmen, og som må berast inn på dyreklinikken for behandling, seier Tor Kvinge.

Han ber folk sjå ekstra godt til kjæledyra sine i varmen, og åtvarar mot å ta med hunden på stranda i varmen eller la den vere åleine i bilen.