Odd Einar Nordheim på spelferd til Stryn

I samarbeid med Stryn Visefestival og Sparebanken Sogn og Fjordane opnar Hydlastova dørene og inviterer til konsert med Odd Einar Nordheim laurdag 3.juli.

På vestlandsturne med Sognbook: Odd Einar Nordheim kjem til Hydlastova laurdag. I fjor deltok han i Stjernekamp på NRK, og gav ut Sognbook med norske tolkingar av kjende songar.  Foto: Presse

Nyhende

Odd Einar Nordheim blei kjend for heile Norge som den store soulstemma frå Årdal i Sogn under Stjernekamp i fjor haust.

Han har gjeve ut tre album, og har hausta lovord frå publikum og musikknorge for sine livekonsertar. Odd Einar syng med sjel og hjarte, og ein kan ikkje unngå å bli berørt.

I november slapp han sitt siste album «Sognbook» med oversettingar av kjende internasjonale songar til sognedialekta. Han gler seg til å få synge desse songane der dei høyrer heime.

Publikum vil blant anna få servert songar som Bob Dylan’s «Make you feel my love» / «Fordi eg elska deg» og Chris Stapleton’s «Tennessee Whiskey» / «Pjolter med is». Alt servert med sjel, stemmeprakt, trøkk og hjarte.

Christian Stähler er med på tangentar og Terje Kjørlaug på gitar. Alt tyder på at dette blir ein kveld for minnebøkene, skriv Hydlastova i presseomtalen.