Melheim klar for U20-EM

Steffen Melheim deltek i diskos i U20-EM i Tallin.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Diskoskastar Steffen Melheim (18), Olden IL, er teken ut til å representere Norge under U20-EM i Tallin 15.-18. juli.

Melheim er ein av i alt 41 norske friidrettsutøvarar som skal delta.

Oldaren synte god EM-form på Loggane i Gloppen sist veke, og hadde der eit lengstekast med 1,75 kg-diskosen på 55,71 meter. Dette er kun 26 cm bak hans personlege rekord, og godt over kravet til U20-EM i Tallin.