Ørsta kino viser ikkje filmen frå nærområdet

Filmen Black Widow vart spelt inn i blant anna Sæbø, men både Ørsta kino og Stryn kino er blant mange som ikkje viser filmen.

Kinosjef Janne M.G. Skarstein, hadde håpt på ei stor premiere av filmen «Black Widow».   Foto: Jonas Otneim Myklebust/Møre-Nytt

Nyhende

- Dessverre prøver Disney å få både i pose og sekk. Disney lanserer filmane sine samtidig på kino som på straumetenestene sine, til same kostnad som før for kinoane, skriv kinosjef Janne M.G. Skarstein i eit innlegg på Ørsta kulturhus sine facebooksider.