Premiere på Black Widow innspelt i Sæbø

Filmen «Black Widow» med Scarlett Johansson har scener frå Sæbø og Hjørundfjorden, og blir no vist på kino. Men kor mange sekund med skjermtid får Sunnmøre eigentleg?

Premiere: «Black Widow» hadde premiere i Norge 7. juli, med fleire av scenene frå Sunnmøre.   Foto: Severine Jarnes/ Sunnmørsposten

Nyhende

Sunnmørsposten tok turen på premieren av «Black Widow» onsdag for å sjekke.

Lokkar med scener frå Norge

I 2019 vart det kjent at Scarlett Johansson var i Norge for filminnspeling. Nærare sagt var stjerna på Sæbø, og mange fekk med seg bilda av skodespelaren på handletur på den lokale Joker-butikken på Sæbø.