Gode takter av Maja og Lars-Martin

Olden-utøvarane Maja Fuglestrand Baade og Lars-Martin Melheim viste gode takter på fri-idrettsbana på Byrkjelo førre veke.

Spyd: Maja Fuglestrand Baade sette ny pers med seniorspydet.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

18-åringen Lars-Martin Melheim sprang sin første 10.000 meter på bane torsdag. Melheim kjempa godt på banedekket på Byrkjelo, og han låg ei stund an til å klare NM-kravet for senior som er 31.59. Sluttida vart 32.35.0.

Første 10.000: Lars-Martin Melheim sprang sin første 10.000 meter på bane.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Ny pers i spyd

Maja Fuglestrand Baade sette i same stemnet ny personleg rekord med seniorspyd (600 gram). Lengste kastet målte 34,91 meter, som gir sjuandeplass på norgesstatistikken i aldersgruppa 15–19 år.