Branntilløp i Lodalen - tydelege spor etter bål

Politiet Vest melde like før kl. 18.00 tysdag om brann i terrenget på Nesodden i Bødal, og det skal vere spor etter bål på staden.

Nesodden: Tydelege spor etter eit bål på Nesodden.  Foto: Stryn brannvesen

Nyhende

Alle naudetatar rykte ut til staden.

Ifølgje politioverbetjent Vidar Stavik er det vanskeleg tilkomst, og det trengst båt for å kome til brannstaden.

Brannvesenet frå Stryn og Olden har kontroll på brannen, og det skal ikkje vere fare for spreiing.

Ifølgje mannskapa på staden, som ligg på vestsida av Nesodden, skal det vere tydelege spor etter eit bål som ikkje har vore sløkt skikkeleg, og tørr mose har teke fyr.

- Det er veldig tørt i terrenget no, og ein må vere forsiktige med open eld seier brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg, og minner om bålforbod i utmark.

Det var hytteeigarar i Nesdal som starta sløkkingsarbeidet med bøtter før brannmannskapa kom fram. Lokalbefolkninga reagerte også raskt då det kom melding om branntilløpet, og godt samarbeid med å stoppe trafikken i begge retningar gjorde at naudetatane kom seg raskt oppover Lodalen.

Brannmannskap brukte båt for å kome til brannstaden.   Foto: Olden brannvesen

Det vart i ettermiddag meldt om brann i terrenget på Nesodden i Bødal.   Foto: Thomas Thaule