Første cruiseskipet til kai i Olden i år

Som kjent har cruisetrafikken vore heilt fråværande i Olden etter at pandemien braut ut i mars i fjor. Tysdag morgon fekk Olden besøk av SeaDream I som det første cruiseskipet dette året.

Første cruiseskip i Olden: SeaDream I la til kai i Olden tysdag.   Foto: Berit Melheim

Nyhende

Rederiet SeaDream Yacht Club Norge, er norsk, eigd av investoren Atle Brynestad. Rederiet har to mindre skip SeaDream I og SeaDream II som tek maksimalt 112 passasjerer og har besetning på 95 personar.