Frigjev namnet på den omkomne

Politiet frigjev i samråd med dei pårørande namnet til basehopparen som omkom i Loen laurdag.

Funnen omkomen: Basehopparen vart meldt sakna då ho ikkje møtte på jobb. Ho var sist observert då ho tok skyliften opp for å hoppe. Ho vart etter ein større leiteaksjon funnen omkomen. Foto: Sigrid Heggestad 

Nyhende

Det var den 47 år gamle Amy Griffin Kjørsvik, busett i Trysil, som omkom i ulukka laurdag.

Den omkomne var i følgje politiet ein erfaren basehoppar.

Ulukka vert etteforska av politiet, som måndag opplyste at dei så langt ikkje veit noko om årsaka.