Grobygget får tildelt 20.000 kroner frå fylkeskommunen

Grobygget på Grodås får 20.000 kroner i kulturmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kristine Sofie Orheim Hansen og Bjørn Lødemel foran Grobygget.  Foto: Roger Oldeide/ Arkiv

Nyhende

- Det viktigaste formålet med ordningane var å stimulere aktivitet og gjenopning av samfunnet, seier kontorsjef Hilde Hernes Hovland i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Gjennom fire stimuleringsordningar for kulturfeltet deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut 5,7 millionar kroner i midlar til det frivillige kulturlivet, detprofesjonelle kulturlivet, kulturarv og reiseliv og til prosjekt innannyskaping og bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar.