Lesarinnlegg frå Arve Ytre-Eide:

- Presisering om sentrumsplanen i Stryn

- Avisinnlegg tyder på manglande reell demokratisk medverknad, skriv Arve Ytre-Eide i sitt lesarinnlegg om sentrumsplanen i Stryn.

Tonningsgata: Illustrasjonsbilde.  Foto: roy aron myklebust

Underteikna har gjennom innlegg i avisa oppmoda folk om å sette seg inn i planen. Materialet er omfattande

Nyhende

Områdeplanen for Stryn sentrum er lagt ut til høyring. Tida for innspel er forbi. Avisinnlegg tyder på manglande reell demokratisk medverknad. No ligg det føre eit forslag til juridisk dokument som skal styre arealbruken i framtida. Titals eksisterande reguleringsplanar (bortsett frå to) vert sletta om planen vert godkjent. Konsekvensane av endring burde vore tydlegare kommunisert til innbyggarane gjennom heile planprosessen. Det er usikkert om grunneigarar og politikarar har sett seg inn i planen, og forstått følgjene av eit føreståande vedtak.