Reiselivet glade for at utanlandske turistar er tilbake

Fleire reiselivsbedrifter på Vestlandet gler seg over at tyskarar no kan reise til Norge utan å gå i karantene – sjølv om det framleis er mykje uvisse.

Illustrasjon  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Etter dei nye reisereglane som tok til å gjelde frå og med 5. juli, kan reisande frå eit land eller område i EØS/Schengen/Storbritannina som er merkt grønt, reise inn til Norge utan å måtte gå i karantene, fortel NRK Rogaland.

Ifylgje kanalen gjeld desse tiltaka turistar som er fullvaksinerte eller som har hatt korona dei siste seks månadane, og kan dokumentere dette med eit koronasertifikat.

Reiselivsnæringa merkar dei nye endringane.

– Frå tidleg vår til 14. juli har eg nesten ikkje hatt gjestar, men no har eg nesten fullt fram til oktober, seier Terje Mosnes, dagleg leiar i Solvåg Fjordferie på Fister i Ryfylke.

(©NPK)