Stryvo Bismo: Nytilsetjingar og nesten dobla sal det siste året

Industribedrifta Stryvo Bismo AS går så det susar.

Medvind:Dagleg leiar Per Kåre Holmøy fortel at Stryvo Bismo er i vinden for tida, og ser ikkje bort frå at han må tilsetja fleire etter kvart.   Foto: Tom Erik Solstad

Nyhende

(Fjuken:) – Éin av dei tilsette er på veg ut, men samstundes er tre nye på veg inn, så i løpet av året vil vi bli 15 tilsette i Bismo. Det kan også vera at vi må tilsetja ennå fleire neste år, seier dagleg leiar i Stryvo Bismo AS, Per Kåre Holmøy.