Dugnadsinnsats i Lodalen var med på å stoppe brannen

Hytteeigarar i Nesdal reagerte raskt då det tok til å brenne i terrenget på Nesodden i Lodalen tysdag. Også lokalbefolkninga i Lodalen hjelpte til slik at naudetatar kom seg raskt fram.

Nesodden: Hytteeigarar i Nesdal deltok i sløkkingsarbeidet på Nesodden med bøtter.  Foto: privat

Nyhende

Det var like før klokka 18.00 tysdag at politiet fekk melding om eit branntilløp på Nesodden i Lodalen. Politi, ambulanse og brannmannskap frå Stryn og Olden rykte ut.