Røde Kors fryktar nok ein travel sommar

Fire av ti svarer "veit ikkje" eller "nei" på spørsmål om dei meistrar utfordrande friluftssituasjonar. No åtvarar Røde Kors folk mot å stole på flaksen.

Røde Kors Hjelpekorps førebur seg på den travlaste sommaren i fjellet på fleire år. I fjor sommar deltok Røde Kors i meir enn 1.600 redningsaksjonar i norsk natur. (Illustrasjon)  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Rundt 6.000 frivillige i Røde Kors Hjelpekorps førebur seg no på den travlaste sommaren på lang tid, der både rutinerte og mindre erfarne naturglade nordmenn vil oppsøkje både fjell, fjord og skog.

– Vi har allereie henta fleire turgåarar som langt inne i fjellheimen både har mangla varme klede og ekstra mat i sekken. Somme har gått i joggesko og rett og slett ikkje klart å komme seg heim sjølve, seier Kjersti Løvik, som er leiar for landsrådet i Røde Kors Hjelpekorps.

I fjor deltok Røde Kors i meir ein 1.600 redningsaksjonar i norsk natur, og i dei fleste tilfella var det dårleg planlegging som var årsaka til at hjelpekorpset måtte rykkje ut.

Ei fersk undersøking utført av Opinion stadfestar inntrykket. Der svarte 40 prosent at dei var usikre på eigne kunnskapar.

Fleire visste ikkje korleis ein bruker kompass, gir førstehjelp eller taklar utfordrande vêrforhold, noko som uroar Røde Kors.

– Det er ein for mange som er utrygge i naturen. Vi kan hjelpe til med informasjon og råd, men når alt kjem til alt, er det vala og planlegginga til kvar enkelt som avgjer, seier Løvik.

Ho har ei oppmoding til nordmenn som har tenkt seg på fjelltur i sommar:

– Ikkje stol på flaksen, lær deg fjellvitreglane, sjekk vêrvarselet og pakk alltid meir enn du trur du treng i sekken. Når du snur, er du berre halvvegs på turen.

(©NPK)