Ny internasjonal film:

Spelar inn storfilm i Oldedalen

«Fedrelandet – en helaftens symfoni» skal bli ein storslått naturfilm som vil bli ei særeiga kinooppleving og nå fram til publikum i både inn- og utland. Sentralt i innspelinga står Oldedalen.

Opptak: Linda Gytri er med i filmen med trekkspelmusikk. Jørgen Mykløen dansar med kona Magnhild på brygga.  Foto: Berit Melheim

Dei eldre planla dagen sin utifrå kunnskapen dei hadde om brear, fjell, elvar, vatn og skog. Dei kunne lese av om det vart uver, mildvêr eller kulde

Margreth Olin
Nyhende

– Naturen har sitt eige språk som vi må lytte til for å overleve. Vi ønskjer og løfte Jostedalsbreen og naturen i Oldedalen opp på kinolerretet og ut i heile verda. Det skal ikkje bli nokon «postkort-film», seier den kjende dokumentarfilmskaparen Margreth Olin.