Mange lokale ungdomar har sommarjobb hos Loen Active:

Får dyrke interessene sine også på jobb

Loen Active er ein attraktiv plass å ha sommarjobb, meiner ungdomen som jobbar der. Med satsinga på vassaktivitetar i Loen er det lokale guidar å finne både på Lobukta, i tillegg til i Via ferrata og i ziplina ved Hoven.

Lokale ungdomar: Desse lokale ungdomane er ein del av staben som guidar gjester til lands, til vanns og i lufta med (zipline). Magdalena Kacperska, Marcus Vangberg, Natalia Orlayova, Henrik Sæten, Nina Cathrin Vik Strand, Johannes Fredheim, Jenny Grov Kämpf og Olav Egset.  Foto: Stine Fjellkårstad

Det er litt hektisk rundt klokka elleve når grupper skal av garde i kajakk og i Via ferrata

Nyhende

Ein vanleg sommarmorgon er det yrande liv i Loen. Gjennom hotellhagane går gjester som både skal klatre og som skal ut på vatnet. Desse turistane er det Loen Active som guidar.