Volda kommune:

Fullvaksinert fekk påvist koronasmitte - truleg deltavarianten

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Volda kommune fekk torsdag melding om ei ny positiv koronaprøve. Vedkomande var fullvaksinert og testa seg pga. milde symptom, skriv kommunen i ei pressemelding.

Smitten skriv seg truleg frå ein annan del av landet. Éi nærkontakt i Volda kommune vart testa torsdag.

- Vi minner difor om at det er viktig at ein testar seg ved symptom sjølv om ein er vaksinert, då ein likevel kan verte smitta. Dette gjeld også om ein «kun» har milde symptom. Dersom ein er tilreisande til kommunen frå andre stader i landet med høgt smittetrykk eller frå «grønt land», bør ein teste seg nokre dagar etter at ein har kome heim. Ein treng då ikkje å vere i «karantene» i påvente av prøvesvaret, skriv kommunen.

Det har no kome svar på mutasjonsanalysen på det positive tilfellet meldt i går 15.07. Det er sannsynlegvis deltavarianten, skriv Volda kommune i ei melding.