Tre av fem synest det er greitt å køyre for fort

Mange skal på bilferie i sommar, og politiet er uroa over nye tal som viser at tre av fem synest det er greitt å køyre for fort.

Tre av fem synest det er greitt å køyre for fort.   Foto: Frende forsikring

Nyhende

Tala er henta frå ei undersøking Norstat har gjort for Frende Forsikring.

– Det må ei haldningsendring til når 59 prosent seier at det er greitt å køyre over fartsgrensa. Fire av ti dødsulykker er knytte til fart, seier UP-sjef Steven Hasseldal.

– Eg blir både skremd og sint. Sjølv "bare litt over" er farlegare enn du trur, seier fagsjef på motor i Frende Forsikring, Roger Ytre-Hauge.

I undersøkinga seier 68 prosent av mennene at det er ok å køyre for fort. Det stemmer godt overeins med tal frå politiet som viser at 78 prosent av dei som vart tekne i fartskontroll i 2020 var nettopp menn.

(©NPK)