Ullmusikal med skjenkeløyve

Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk har fått innvilga søknad om skjenkeløyve i samband med framføringa av musikalen «Ull innerst i sjela».

Stort prosjekt: «Ull innerst i sjela» er ei stor oppsetjing med 40 personar på scena. Her frå tidleg øving i lokala. 

Nyhende

Musikalen skal visast i perioden 13.–15. august, og løyvet som er gitt for arrangementet omfattar skjenking av alkohol, gruppe 1 og 2.