Landslagstrenar Ole Magnar «Ollis» Valaker:

– Ei fantastisk tid

Ole Magnar «Ollis» Valaker frå Utvik var landslags-trenar i alpint og ein av dei som var «over alt» under dei store åra med Bergesen Cup. – Det var ei fantastisk tid, seier han.

Heile døgnet: – Det er klart det var stort, seier Ole Magnar «Ollis» Valaker. – Sjølv om det ikkje var tid til å tenkje så mykje på det då, vi skulle jo gje dei best mogeleg forhold og stod på heile døgnet. 

Nyhende

Vi får kalle han Ollis. Det er dette namnet han er kjend under i miljøet, døypenamnet kjenner dei knapt. Men mannen kjenner dei godt, dei tidlegare toppalpinistane. Lands- lagstrenar gjennom fleire VM og OL, og tidleg opp og sist i seng som del av apparatet.