Dette skal du gjere ved ulukke i tunnel

Skal du på norgesferie med bil i år, er det uråd å unngå at ein del av turen gå i tunnel. Kva skal du gjere om det skjer ei ulukke inne i fjellet eller under fjorden?

Viktig å setje seg inn i korleis ein skal forhalde seg om det oppstår brann i ein tunnel. Illustrasjonsfoto frå brannøving.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Nils Audun Karbø er avdelingsdirektør for trafikkstyring og beredskap i Statens vegvesen. I tillegg har han erfaring som tunnelforvalter, med ansvar for å halde tunnelane i forsvarleg stand. Derfor veit Karbø meir om norske tunnelar enn dei fleste, og han kan fortelje at det ikkje er fleire ulykker i tunnelar enn utanfor.

– Sånn sett er det ikkje noko spesielt å vere redd for. Men viss det først skjer ei ulykke, vil ho verke meir dramatisk fordi ho skjer i eit lukka rom, seier han til forsikringsselskapet Gjensidige.

Ikkje køyr på raudt

Karbø sitt første og beste råd til bilistar handlar om utsida av tunnelen.

– Ikkje køyr inn ved raudt lys og senka bom, understrekar han, og legg til at det skjer oftare enn ein kanskje skulle tru at folk køyrer på raudt.

– Dei tenker nok at dei kan rekke gjennom i siste liten, men det gjer dei ikkje. Raudt lys betyr stopp, understrekar avdelingsdirektøren.

Bruk naudtelefonane

Dersom du allereie er i tunnelen, er rådet det same som ved uhell i friluft: Hjelp til viss mogleg, varsl naudetatane og hald elles avstand.

– Bruk helst naudtelefonane i tunnelen til å varsle. Då vil Vegtrafikksentralen vite nøyaktig der situasjonen har oppstått, seier Karbø. Han fortel at det same gjeld viss du tar ned eit brannsløkkingsapparat frå eit skap i tunnelen. Apparata er kopla direkte til sentralen.

Utover dette handlar det meste om å komme seg ut. Dette gjeld spesielt ved brann. Røyk i lukka rom er farleg, og han skaper dessutan ein uoversiktleg situasjon som kan opplevast som dramatisk. Og i mange tilfelle er han akkurat det.

Snu og køyr roleg ut – eller gå

– Hovudregelen er at du skal snu bilen og køyre roleg ut same veg som du kom, seier Karbø. Han legg til at det er viktig å ta ansvar for andre. – Ser du folk til fots i tunnelen, så ta dei med viss du kan. Ikkje alle er i stand til å gå mange kilometer, seier han.

Det å gå er det einaste alternativet viss du ikkje klarer å køyre ut. Hald deg godt til sida og gå alltid bort frå røyken, sjølv om du er over halvvegs i tunnelen.

- Ikkje gå inn i røyk, understrekar Karbø.

Kor langt du må gå, avheng både av lengda på tunnelen og av tunneltypen.

– I tunnelar med eitt løp må du ut i ein av endane. På vegen ut vil du sjå skilt som viser kor langt det er igjen til opninga, forklarer Karbø.

Toløpstunnelane, som er vanlege på motorvegar med fire felt, er utstyrt med naudutgangar. Desse er i praksis små tunnelar mellom løpa. Ved brann er det oftast røykutvikling berre i eitt av løpa, og du kan kome deg i sikkerheit ved å nytte ein naudutgang over til det andre løpet.

La bilen stå ulåst

Når du forlèt bilen i ein tunnel, er det viktig å la han stå ulåst med nøklane i.

– Naudetatane må kunne flytte på parkerte bilar for å utføre rednings- eller sløkkearbeid. Då er det best for både brannfolk og bil om dei kan flyttast på vanleg vis. Det kjennest kanskje ikkje så trygt, men eg har aldri høyrt om biltjuveri i slike situasjonar, seier Karbø.

Det har heller ikkje fagansvarleg Stein Plogvoll i Gjensidige.

– Det er sjølvsagt alltid lurt å ta med verdisaker. Men viss eigedelar blir borte frå bilen i ein situasjon som denne, dekker vi tapet i samsvar med vilkåra i forsikringa til kunden, seier han.

Ha radio på i tunnel

Det generelle rådet frå Plogvoll er å følgje tilvisingane frå nødetatane. Han understrekar at det er politiet som har oversyna og ansvaret for publikum. Dei avgjer òg når du kan hente bilen din.

Karbø i vegvesenet minne om at bilradioen er ein viktig informasjonskanal i tunnelane.

– Radiosendinga kan overstyrast av naudmeldingar. På DAB-radioen skjer dette uavhengig av kva stasjon han står på. Vi anbefaler at du slår på radioen – med lyd – når du køyrer inn i ein tunnel av ei viss lengde, seier han.


Råd ved uhell i tunnel

  • Meld skade raskt og enkelt på nett
  • Køyr aldri inn i ein stengd tunnel
  • Ved ulukke/brann – snu og køyr roleg ut etter eventuelt å ha varsla nødetatane
  • Er det ikkje mogleg å snu – sett frå deg bilen ulåst og gå roleg ut av tunnelen
  • Bruk naudutgangen i tunnelar med to løp
  • Følg politiets og nødetatane sine tilvisingar

Denne saka er basert på ein artikkel frå Gjensidige.