- Ikkje gladsak når gradestokken bikkar 34 grader

Folk kosar seg med varme sommartemperaturar over heile landet. – Er det ei gladsak når det er over 34 grader i Finnmark, undrar vêrforskar.

Illustrasjon  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Det er meldt varmerekordar mange stader i landet, og talet på hetebølgjer i Noreg har auka dei siste 30 åra. Som regel blir slike nyhende framstilt i media som gladsaker. No stiller fleire spørsmål om dette er riktig måte å gjere det på, skriv NRK Vestland.

Ein av desse er MDG-politikar Eivind Trædal.

"Når gradestokken bikker 34 i Finnmark, er det ikke en gladsak", skriv han på Twitter.

Katherine Duarte har ved Universitetet i Bergen forska på korleis norske media dekkjer klimakrisa. Ho merkar at media har eit stort ansvar i korleis dei framstiller klimaendringane.

Klimaforskar ved Meteorologisk institutt Hans Olav Hygen er einig.

– Korleis media dekkjer det varme vêret påverkar oppfatninga til folk av klimadebatten. Det er viktig at vi jobbar saman for å få ei heilskapleg og sannferdig framstilling, seier han.

(©NPK)