Infoskilt ved Lofossen allereie på plass

Stryn kommune søkte Vestland fylkeskommune om å få setje opp eit informasjonsskilt ved Lofossen i Loen. Skiltet er allereie kome på plass.

Info: Stryn kommune har sett opp infotavle ved Lofossen i Loen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Informasjonsskiltet inneheld informasjon om trafikk- og vegforhold, allemannspliktene knytte til allemannsretten, åtferdsreglar på Breng, og informasjon om bandtvang og bålforbod. Skiltet har også kart over dalen med oversikt over mellom anna overnattingsmulegheiter i dalen.